Vikebladet skriver: «Mange feira Maria»


• Vikebladet ved Leiv Arne Grimstad 
leiv.arne[at]vikebladet.no. Publisert: 20.05 2014

Klokka er litt over fem søndag ettermiddag. Det er første gongen det blir halde «Flores de Mayo»–messe i Ulstein kyrkje. Festmesse for Jomfru Maria.

Nærare 150 har funne vegen til det lutherske gudshuset i vakkert vårvêr. Kyrkjeromet har særleg mange kvinner – dei fleste med røter på Filippinane. Presten fortel at det først vil bli gjennomført ei messe – og så er det ut i gatene for å gå i prosesjon og «vise Ulsteinvik at vi er glade i Maria».

Før messa fortel presten også at han hadde teke med seg dobbelt så mange salmebøker som vanleg, men det var ikkje nok. Han har heller ikkje trykt opp nok songark.

Dynka i røykjelse
Så startar messa. Dei liturgiske ledda er å finne fremst i salmeboka. Når presten annonserer ein salme, gjer han det også på engelsk.

Kyrkjeklokkene kjem i sving og straks kjem presten og medhjelparane hans innover midtgangen. Romet blir dynka i røykjelse, og lufta grånar litt. Lukta når galleriet eit par minutt etter.

Denne røykjelsesskikken er sjølvsagt ein stor skilnad frå lutherske gudstenester. Ein annan skilnad er at katolikkane korsar seg – fleire gonger og på fleire måtar – under samlinga.

— Fantastisk at vi får bruke dette vakre kyrkjeromet, seier presten og legg til at det er inngått avtale med soknepresten og Ulstein sokn om å få bruke kyrkja til messe resten av året også.

— Svært generøst, seier han.

Ikkje berre Maria
Så vil presten ha kyrkjelyden med på syndsvedkjenninga – for at kvar enkelt kan vere verdig til messa.

Alle tekstlesarane er kvinner. Vi får høyre frå både Johannes Openberring og Paulus sitt 1. brev til korintarane – og før presten går på preikestolen, blir Lukas sin tekst om bodskapen til Maria boren fram. Maria er – som presten seier – «velsignet over alle kvinner».

Og til dei som trur at katolisisme er berre Maria, tek vi med at vi også fekk høyre Jesu ord; «Jeg er veien, sannheten og livet. Ingen kommer til Faderen uten gjennom meg». Og at Jesus er «Guds enbårne sønn, av samme vesen som Faderen».

Preika er kort og konsis. Kvifor feirar katolikkane Maria i mai – mot slutten av påska? Presten spør seg om bakgrunnen er heidensk og kan ha med kvinneleg fruktbarheitskult i naturreligionane å gjere. For mai er som kjent ei tid for forming av nytt liv.

Så fortel presten at EVA betyr liv, men at EVA trengte døden inn i verda då ho åt eplet frå Kunnskapstreet.
— Maria er den nye Eva, fortel presten og ber oss legge merke til at AVE er EVA bakvendt. Det er det som ligg i Ave Maria. Eva sa ”skje min vilje”, men Maria sa ”Skje din vilje”.
— Maria føder han som er oppstandelsen og livet. Det er dødens logikk reversert. «Marias valg åpner slusene for det nye liv» – og i Apostelgjerningane held Jesus fram å leve gjennom kyrkja. Apostlane fekk del i Jesu kraft.

Syngjande prosesjon
— Og no skal vi bringe det nye liv ut i verda, seier presten.

Om lag 150 katolikkar kom til Ulstein kyrkje
Mange kom: Om lag 150 katolikkar kom til Ulstein kyrkje for å vere med på katolsk gudsteneste med nattverd søndag.

Frå galleriet hjelper både ein kvinneleg forsongar og organisten til med å halde oppe messesongen. Ved nattverdsmåltidet, som foregår rundt altaret, blir det ringt med ei klokke til ulike tidspunkt.

Dei syng Fadervår på «gamlemåten» – ikkje «Vår Far» som i dei lutherske kyrkjene.

Enkelte viftar med dei utdelte arka framfor andleta – ikkje for å verge seg mot varmen, men mot røyken.

Etterpå er det ei runde med syngande prosesjon gjennom Ulsteinvik sentrum og tilbake til kyrkja – for så å avslutte «Flores de Mayo» på Fredheim.

Same tru, men ulike måtar.