Konf.leir 23 – 26. april 2015

Torsdag den 23.april så var konfirmantane frå Ålesund, Molde og Kristiansund på konf.leir samen med konfirmantane frå Trøndelag. Reisa starta kl. 09.30 på Vår Frue kirke i Ålesund, 18 konfirmanta frå Ålesund og 8 ledera + P. Ole Martin var klar til å reise. Vi var så spent til å møte folk frå Molde og Kristiansund. Da vi kom til Molde stoppa vi og tok imot dei 8 gutane frå Molde. Dei fann seg plasser til å sitte på bussen og var klar til å kjøre vidare til Levanger. Dessverre blei ikkje dei to gutane frå Kristiansund med oss på vei til Nord – Trøndelag.

I 17.00 tida kom vi endelig til Levanger etter 7-8 tima med buss. P. Dominic sto klar ute i St. Torfinn og var klar til å hilse på oss. Da vi kom til Levanger starta vi med messe. Etter messa var alle sulten og var klar til å ete middag. Da alle var ferdig å ete middag så var det ein del masinga frå konfirmantane om å fare på butikken, og etter ein del masinga frå dei fekk dei endelig fare på butikken. Men selvfølgjelig ikkje aleine, dei måtte ver med lederane sine. Da dei var ferdig på butikken fikk konfirmantane ha ein liten filmkveld mens lederane hadde ledermøte. Etter filmkvelden bestemte vi oss for å legge oss sida det var ein lang dag som venta på oss.

På fredagen (25.april) skulle ledarane vekke konfirmantane kl. 08.00. Heldigvis tok ikkje det så lang tid sida alle var våken frå før av. Kl. 08.30 var det messe, og rett etter hadde vi frukost. Ca. Kl 09.30 sat alle seg på bussen og var klar til å fare på ein liten dagstur til Trondheim. I Trondheim var vi så heldig og fikk besøke Nidarosdomen. P. Egil Mogstad var så snill og viste oss rundt i Nidaros og fortalte oss historier om kyrkja. Turen tok sånn ca ein time. Etter turen vår i Nidarosdomen så var P. Ole Martin så snill som ga oss fri i 3timar. Da var konfirmantane og ledarane klar til å ha det gøy i Trondheim med litt shopping. Da vi skulle inn på bussen igjen var det to stk frå Kristiansund som satt inne på bussen og venta til å endelig møte resten av gjengen.

Det var ein koselig dagstur til Trondheim, før vi for frå Trondheim så måtte vi berre sjå den katolske kyrkja dei bruka der, som dei fleste no veit så held dei på å bygge ei ny kyrkje i Trondheim. For å vere på den sikre side så måtte vi vente nokre få minutt i Trondheim før vi reiste tilbake til Levanger. Det var på grunn av at vi måtte ver sikker at dei som kom for seint og ikkje rakk toget samen med dei andre kunne komme til Levanger. Alle frå Trondheim var så flink og kom tidsnok!

På vei tilbake til Levanger hadde vi ein koselig busstur med synging og vi hadde det kjekt og artig ilag. Da vi kom fram til Levanger igjen var det der leiren starta og mange kjente ikkje kvarandre, det var noko som var ganske spennande for alle samen. Det var sånn ca.80 konfirmantar frå midt-Norge.

Vi starta leiren med messe i St. Torfinn, med påfølgjande middag og bli-kjent aktivitetar. Sida vi var så mange blei jentene og gutane delt i to når det gjeld å sove. Gutane sov på Staup skule mens jentene sov i St. Eystein. Lyset slokna kl. 11.30.

Laurdag (26.april) var konfirmantane, ledarane og prestane klar for ein ny og lang dag. Dagen starta som alltid med ei morgonbønn. Ledarane har gjort klar masse aktivitetar. Noken andre valgte arbeid, det var også muligheit til å vere ministranter under messa. Det var ein seksjon der alle kunne spør prestane spørsmål, og alle samen fikk muligheit til å skrifte. Rebusløpet var noko dei fleste synest var artigast. Det blei også arrangert fotballkamper, og alle måtte nok ta seg ein joggetur eller ein tur på beina. På kvelden blei det arrangert meir aktivitetar for dei, og det såg ut som at alle hadde det artig, og alle var så flink og hørte etter ledarane.

Søndag (26.april) var dagen vi skulle reise ifrå kvarandre. Men før vi reiste starta vi med messe da klokken var 09.00. Vi hadde forbredt ein blanding av norske og engelske sanger, med hjelp fra organist Petter, fiolinist Jens og koret Anita, Michiko, Giamy, Roksana og Bernadette. Messen blei avslutta med favorittsangen «awesome god». Etter messa blei det frukost og rett etter blei det rydding. Ca kl. 11.00 måtte vi frå Møre og Romsdal seie farvel til resten av gjengen. Etter å ha gitt klem og tatt bilde med gjengen var det på tide å kjøre frå Levanger og heim igjen.

Vist det ikkje var for P. Dominic og P. Ole Martin som ledet leiren for desse tenåringane hadde ikkje dei blitt kjent med nye folk og blitt meir kjent med gud. P. Dominic og P. Ole Martin var også så heldig som fikk god hjelp av eit heilt kobla gruppeledere: Suzana, Szymon, Cecilie, Vivian, Martha, Mireille, Erika, Pål Johannes, Jenny og Katharina, som igjen fikk hjelp frå Giamy, Michiko, Anita, Roksana, Sebastian og Christopher. P. Piotr, P. Marcelin og P. Slawomir hjalp også til med skriftemål og eit heilt team som besto av Bernadette, Lien og Elin, ledet av Bjørn, sørget for at det blei mat til alle. Med så mange menneske samlet blir det masse søl, og opprydding sto Isabel og Terje for.

Helga var ein fantastisk opplevelse for konfirmantane. Der fikk dei nye venner, ikkje berre frå det stedet dei bor i, men frå andre plasser også. Dei nye vennane dei fikk var ikkje bare «leir venna» men dei er også venner for livet. Heile helga blei så vellykka at mange spurte ledarane om det blir noke reunion. Hmmm, kanskje det? 🙂

Skrevet av Michiko

levanger 2 levanger 1 levanger 3